Nytt nettkurs: Startpakke for meirope bibliotek

Foto: Lene Neverdal

Det er ikkje å kome vekk frå at mange synes at arbeidet med å få innført meirope på sitt bibliotek kan verke omfattande og uoverkommeleg. Ein veit ikkje i kva ende ein skal starte, eller kva element som inngår i prosessen med å få på plass meiropeløysinga.

For å hjelpe i dette arbeidet har fylkesbiblioteka i Rogaland, Vestfold og Telemark, Viken og Vestland gått saman om å utvikle nettkurset «Startpakke for meråpent».

Startpakka har to hovuddelar. Den fyrste delen «Om meråpne bibliotek», går inn på ein del problemstillingar rundt det å innføre meirope, som kva dette fører til av nye oppgåver eller meirarbeid, tryggleik og det at meirope kan bli sett på som innsparingstiltak.

I del to, «Hva gjør du?», går ein gjennom prosessen med å få på plass meirope i kommunen, som finansiering, tekniske løysingar, lokalet, anskaffingsprosessar og personverntiltak.

Et meråpent bibliotek er en gave til lokalsamfunnet. Å låse seg inn i sitt eget bibliotek klokken åtte fredag kveld gir en ny følelse av eierskap, frihet og tillit.

Prosjektleder Britt Ellingsdalen

Nasjonalbiblioteket har støtta utviklinga av nettkurset. Kurset er gratis og tilgjengeleg for alle på bibliotekutvikling.no ved å å registrer deg som brukar. Kurset krev ingen forkunnskaper, og du kan gå gjennom det i den rekkefølgen du ønsker og etter behov.